Stikkordarkiv: sjokolade

Sjokoladeproteinkuler

IMG_20141018_101032

Her er Sjokoladeproteinkuler oppskrift ala Kristine Weber.

Har endra litt på oppskrifta, brukar 1 dl laktosefri kremfløyte, og brukar stavmiksar til å hakke og blande sukkerfri sjokolade og kremfløyte. I tillegg brukar eg Stevia dråpar med Sjokolade og Toffee smak, og har oppi 1 ss Cocosa Extra Virgin kokosolje utan smak, for å gjere dei meir lavkarbovennlege. (Ikkje nødvendig for smaken si del.) Proteinpulveret eg brukar er MyoProtein med Sjokolade/Moccha smak, og det blir best med fløyte eller melk, med vatn blir dei litt tørre rett og slett. Trillar kuler og lagrar dei i plastboksar i kjøleskapet. Held seg ca 3-5 dagar. Ein kan godt tredoble oppskrifta.

Nydeleg gode til laurdagsgodteri!