Julemanna

Kvite Sunnmørske Julemanna
JulemannaKvite
1 kopp sukker
1 kopp kaldt vatn
1,5 ss Hornsalt
Kveitemjøl til passe deig.

Kjevles ca 0,5 cm tjukke, og stikkes ut med julefigurer.
Ovn: 175-200 grader i ca 7-8 minutt
Steikast heilt lyse, nesten kvite. Og ja, geisen skal stå ut av ovnen!
(OBS Om dei er brune i kantane er dei oversteikte.)

Dette blir tjukke kvite Sunnmørske Julemanna, rykande av hjortesalt!
Avkjølast på rist.
Pyntast litt med raud og grøn konditorfarge.

God førjulstid!

Sjokoladeproteinkuler

IMG_20141018_101032

Her er Sjokoladeproteinkuler oppskrift ala Kristine Weber.

Har endra litt på oppskrifta, brukar 1 dl laktosefri kremfløyte, og brukar stavmiksar til å hakke og blande sukkerfri sjokolade og kremfløyte. I tillegg brukar eg Stevia dråpar med Sjokolade og Toffee smak, og har oppi 1 ss Cocosa Extra Virgin kokosolje utan smak, for å gjere dei meir lavkarbovennlege. (Ikkje nødvendig for smaken si del.) Proteinpulveret eg brukar er MyoProtein med Sjokolade/Moccha smak, og det blir best med fløyte eller melk, med vatn blir dei litt tørre rett og slett. Trillar kuler og lagrar dei i plastboksar i kjøleskapet. Held seg ca 3-5 dagar. Ein kan godt tredoble oppskrifta.

Nydeleg gode til laurdagsgodteri!